Lokalt firma leverer solceller til flyplassen | JBL

Lokalt firma leverer solceller til flyplassenAksel og Jonas Kverneland i Kverneland Energi AS etablerte selskapet for litt over eit år sidan. Foto: Foto: Brit Romsbotn

Aksel og Jonas Kverneland i Kverneland Energi AS etablerte selskapet for litt over eit år sidan. Foto: Foto: Brit Romsbotn

Kverneland Energi har fått ein betre oppstart enn venta. Til neste år vil dei utvida.

Publisert: 19.12.2017 kl 05:00

 

Kverneland Energi på Undheim leverer solcellepanel til både bustadar, hytter og næringsbygg. Selskapet blei etablert i fjor.

– Det har gått mykje betre enn venta. Interessa for solceller er veldig stor. Me har litt å gjera heile vegen. I løpet av neste år blir me nøydde til å utvida, seier Aksel Kverneland.

Straumproduksjon frå solenergi er blant tiltaka som bustadeigarar kan søka om støtte til frå Enova. Blant prosjekta til Kverneland Energi finn ein kring 30 private bustadar.

– Mange trur at det ikkje er gunstig å legga solceller i Noreg. Men det er gode forhold i Sør-Noreg, og særleg på Jæren. Her er det lite som kastar skugge. Dess lågare temperaturen er, dess meir gunstig er det for straumproduksjonen.

Bedrifta har også små og store næringslivskundar.

– No held me på med eit spanande prosjekt der me legg solceller på ein hangar på Sola flyplass, seier Kverneland.

Han håper marknaden vil veksa seg endå større neste år.

– Det ser ut til at nettleiga for elektrisitet skal gå opp til neste år. Når folk produserer straum med solceller til eige bruk, treng dei ikkje betala nettleige, og dei betaler heller ikkje for straumen.

 

https://jbl.no/nyheter/lokalt-firma-leverer-solceller-til-flyplassen/19.44446

 

 

https://jbl.no/naringsliv/derfor-kan-de-juble-over-hoye-strompriser/19.46356

 

kontakt oss

Plogfabrikkvegen 15
4353 Klepp Stasjon

Følg oss på