Det starta på hyttetaket, no satsar far og søner på solenergi | JBL

 

SOLENERGI: Frå venstre: Aksel og Jonas Kverneland reknar med at Kverneland Energi AS vil omsetja for 20 til 30 millionar kroner i løpet av fire-fem år. Foto: Foto: Brit Romsbotn

20 kvadratmeter av garasjetaket fangar opp energi frå sola. Aksel, Jonas og Martin Kverneland vil at fleire skal laga sin eigen straum.

Publisert: 13.10.2016 kl 12:00

Sist oppdatert: 17.10.2016 kl 10:10

 

Vil me ha reinare luft og snø i Sirdal, må me alle vera med og gjera noko, seier Aksel Kverneland (52).

Saman med sønene Jonas (24) og Martin (21) er han i gang med å etablera selskapet, Kverneland Energi AS. Her skal dei tilby dei solcellepanel både for privatbustadar, hytter, bedrifter og offentlege bygg.

Starta på familiehytta

– Solenergien er heilt rein, og me er i eit område av landet der vilkåra for å henta slik energi er veldig gode. Me ser føre oss at det i framtida vil bli mykje større interesse for å nytta energien frå sola, fastslår Jonas Kverneland, som er dagleg leiar i selskapet.

Det heile starta på familiehytta i Søgne der dei installert solcellepanel for ti år sidan.

– Teknologien er veldig interessant, og me er no heilt sjølvforsynte med energi på hytta. Då Lyse i vår kom med tilbod om å leggja solcellepanel på bustadhus, var me blant dei som viste interesse, men me var ikkje blant dei som fekk bli med. Difor bestemte me oss for å etablera vårt eige anlegg, fortel Aksel Kverneland.

kontakt oss

Plogfabrikkvegen 15
4353 Klepp Stasjon

Følg oss på