Vil produsera energien sjølv | Bondevennen

Vil produsera energien sjølv

Energitak: Aksel Kverneland frå Kverneland Energi t.v. saman med bonde Magnar Fjeldheim og Andreas Lundegård frå Tveit Rekneskap. Det 550 kvadratmeter store solcelletaket på Fjeldheim sitt maskinhus produserte 60 kilowatt då biletet vart teke. Forbruket var på same tidspunktet 20 kilowatt, medan 40 kilowatt vart levert til energiselskapet.

Framtida er elektrisk og svineproduksjonen grøn, meiner Vindafjord-bonden Magnar Fjeldheim. Frå maskinhustaket hentar han 85.000 kilowattimar i året.

Sjur Håland

Svinebonden har installert solcellene på sørsida av maskinhustaket og skal til å bygga nytt flisfyringsanlegg for å styrka energitilførslene frå garden ytterlegare. Kombinasjonen sol/flis var ein føresetnad for å få tilskot gjennom Innovasjon Norge.

Som eit lyn

Maskinhuset er plassert eit par hundre meter frå tunet. Prisoverslaget på materiell og arbeid for å føra fram straum til maskinhuset frå det ordinære nettet låg på 150.000 kroner. Det vart brått meir aktuelt å heller hente straumen frå taket.

kontakt oss

Plogfabrikkvegen 15
4353 Klepp Stasjon

Følg oss på